Foto: Nicklas Klepp Dani

Andrea Dahl Solvei Uglum Krogstad ​Hugs meg

Stykket Hugs meg tar opp ulike perspektiv ved sjukdommen Alzheimers, både korleis det påverkar den sjuke sjølv og pårørande. Demens rammar mange i samfunnet og me ynskjer å setje fokus på det for å skape større forståing, slik at me som medmenneske kan støtte kvarandre.

Tittelen på stykket viser til behovet for å ta vare på minnene av personen før sjukdommen forandrar vedkommande, men og ynskje om at den sjuke skal gjennkjenne deg. Kjensler som frustrasjon og kjærligheit går om kvarandre og dette gjenspeglast tydlig i dansen.

Stykket er og ein hyllest til alle som må gå igjennom denne kampen, og for å minne om alle dei gode stundene med våre kjære før sjukdommen endra omgivandane. 

Medvirkende:
Andrea Dahl, Koreograf, Danser
Solvei Uglum Krogstad, Koreograf, Danser


Vis tidligere forestillinger